Skule samla inn 46 123 kroner til TV-aksjonen

Barnetrinnet ved Lægreid skule invterte bygdefolk og føresette. Elevane i 1.-7. klasse song  og dansa. Foto: Lægreid skule

Barnetrinnet ved Lægreid skule invterte bygdefolk og føresette. Elevane i 1.-7. klasse song og dansa. Foto: Lægreid skule

Artikkelen er over 1 år gammel

Lægreid skule gjer atter ein gong svært god innsats til inntekt for TV-aksjonen, melder rektor Anne Istad.

DEL

Innsamla resultat etter basar, suppesal og arbeidsdag for elevar er 46 123 kroner.

På basar i samfunnshuset i Eidfjord selde barnetrinnet ulike produkt dei har laga. Det var åresal, kaffi, kaker og underhaldning.

Fredag hadde ungdomstrinnet arbeidsdag heime eller i bedrifter. I tillegg har nokre elevar seld suppe til tilsette på kommunehuset og Statkraft.

Lægreid skule arbeider kvart år med TV-aksjonen, og har det som prosjekt i alle klassar, ifylgje rektor.

- «All time high»

- Eit fantastisk resultat. Skulen takkar alle føresette, bedrifter og personalet som velviljug stiller opp år etter år – og eg trur samla sum er «all time high»for vår del, seier rektor Anne Istand ved Lægreid skule.

Årets TV-aksjon går til Kirkens Bymisjon.

- Fantastisk, tusen takk!, skriv fylkesaksjonsleiar i Hordaland, Ingri Deisz Horne, når ho får melding om skuleresultatet.

Les òg: Hydro gir 50.000 til TV-aksjonen i Odda: - Håpar andre bedrifter blir inspirerte av dette

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken