Matblogger Aicha til Kinsarvik

Matentusiast: Aicha Bouhlou kjem til Kinsarvik laurdag.  Her på marknad i Frankrike, hennar andre heimland. Foto frå Aichasmat

Matentusiast: Aicha Bouhlou kjem til Kinsarvik laurdag. Her på marknad i Frankrike, hennar andre heimland. Foto frå Aichasmat

Artikkelen er over 1 år gammel

Laurdag kjem Aisha Bouhlou til Kinsarvik. Matbloggaren og kokebokforfattaren stiller både med bok og smaksprøvar.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Laurdag føremiddag finn publikum henne utanfor Spar.

Bouhlou er fødd i Marokko, oppvaksen i Tyskland og er «bergensar av overtyding».

Då ho la ned sitt galleri Bouhlou i Bergen i 2012, tok fotografering over. Det var maten ho laga som vart foreviga.

For henne er det enkel og god kvardagsmat som gjeld, helst med mykje grønsaker og fisk.

Med multikulturell bakgrunn er ho påverka av reiser, møte med menneske, kulturar og opplevingar. Ho vil ha matglede inn på kjøkenet, og sidan det er flest kvardager er det entusiasme for kvardagsmaten ho slår eit slag for.

Lite salt, ein del krydder og mykje urter er nokre av løyndomane bak hennar fargerike og freistande oppskrifter. Med litt kjærleik gjer du maten til din eigen, seier Aicha, som har gitt ut boka Aichas kjøkken, med «norsk mat inspirert av våre marokkanske mødre».

Ho har og eigen instagramkonto der du finn både oppskrifter og bilete av dei ferdige rettane. Du finn Aichas mat også i avisspaltar, mellom anna i Bergens Tidende. Men laurdag er det altså høve til å møta matentusiasten og hennar matglede i Kinsarvik.

Artikkeltags