Gå til sidens hovedinnhold

Populær julegateopning i Kinsarvik

30. november 2019, kl. 22:08

Dei næringsdrivande i Kinsarvik samarbeider om å arrangera julegateopning. Laurdag 30. november 2019 baud på ein nokså fin og etter kvart vindstille vêrtype. Det gav flott ramme rundt julemarknad, friluftsaktivitetar ved Borgstova og eit fint fakkeltog.