Over 350 ungdomar deltok på rusfritt 16. mai-arrangement i Husedalen

16. mai 2019, kl. 22:54

Torsdag inviterte Samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggjande tiltak Ullensvang til den 11. utgåva av det rusfrie 16. mai-arrangementet i Husedalen. Samarbeidspartnarar for Ullensvang herad er Eidfjord, Granvin, Jondal, Odda og Ulvik. I år kunne ungdomane prøve alt frå dei faste aktivitetane gokart, Paintball og klatring til bogeskyting, promillebrillefotball og rodeo.