Riddartokt : Skipper Audun Apelseth og resten av mannskapet på Hardangerjakta Mathilde, trekte i mellomaldertøy 21. mai. Formidlingsleiar ved Hardanger folkemuseum, Helena Kjepso (i raudt og svart), sa det denne sesongen er fire testtokt frå Mikkelparken i Kinsarvik til riddarklubben i Agatunet. 2. september er neste sjanse. Riddar Sigurd på Aga var autentisk kledd og med flott sverd. Inne i Lagmannsstova fekk han full merksemd frå ungane då han fortalde om riddarverdiar og korleis ein riddar skal oppføra seg. Ute dukka Mikkel og Mikkeline opp. Dei dansa og song sin nykomponerte riddarsong og var klare for å leika med ungane. Klubblokalet er den eine av to mellomalderkjellarar under Lagmannsstova, reist ein gong mellom 1220 og 1230.

På tokt frå Vikje til Aga

Barnefamiliar er målgruppa for dei nye riddartokta denne sommaren. Mikkelparken og Agatunet testar ut eit samarbeid.
Publisert