Kan koste 60 millionar kroner å pusse opp rådhuset

I 2019 blei det ferdigstilt ein generalplan for oppussing av Odda rådhus. No ber administrasjonen om ein million kroner i 2020 til å gjennomføre eit forprosjekt for oppgraderinga. Den kan ifølge grovkalkuleringar koste om lag 60 millionar kroner utan moms.