-   Kampen mot viruset har knapt nok har byrja

Kommunen vurderer no i kva omfang dei kan auke tenestetilbodet ved legekontor og sjukeheimar- samstundes som toppen av smitta personar truleg kjem først i slutten av juni tidleg i juli. - Kampen mot viruset har knapt nok har byrja, seier ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug.

Kommunen vurderer no i kva omfang dei kan auke tenestetilbodet ved legekontor og sjukeheimar- samstundes som toppen av smitta personar truleg kjem først i slutten av juni tidleg i juli. - Kampen mot viruset har knapt nok har byrja, seier ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug. Foto:

Det er framleis ikkje påvist smitte i Ullensvang kommune. Kommunen fekk svar på ni nye testar onsdag, men ingen var positive.

DEL

Talet på tilsette i karantene har minka sakte frå knappe 50 heilt ned til éin.

Det opplyser Ullensvang kommune onsdag ettermiddag.

- Om lag femti tilsette er av ulike årsaker ekstra utsette. Både organisasjonen og folk flest har verkeleg lagt seg i selen for å redusera smittefaren. Til dømes er sjukefråværet kraftig redusert i det siste, og privatpersonar har takka nei til heimehjelpstenester både av omsyn til seg sjølve og dei tilsette, opplyser ordførar Roald Aga Haug.

Han legg til at det ikkje er nokon automatikk i at sjukeheimspasientar som vert smitta vert flytta til koronaavdelinga.

- Avheng av situasjonen og sjukdomsbiletet kan det vera direkte uetisk å flytta dei, og det må vurderast i kvart tilfelle, seier ordføraren.

Kommunen opplyser at dei skal ha beredskap for personar som skal isolerast, men som ikkje kan det i eigen heim.

- Vi har avtale med hotell. Smittevernfrakkar vert no produsert av fleire lokalt. Vi skal handla alt som er mulig lokalt, understreker ordføraren.

Kommunen vurderer no i kva omfang dei kan auke tenestetilbodet ved legekontor og sjukeheimar- samstundes som toppen av smitta personar truleg kjem først i slutten av juni tidleg i juli.

- Dette må også avstemmast mot generell beredskap og avvikling av ferie. Kampen mot viruset har knapt nok har byrja, seier ordføraren.

I pressemeldinga peiker kommunen på at ein no går inn i ein ny fase med gradvis lette på enkelte restriksjonar.

- Samstundes gjeld dei nasjonale smittevernråda. Vask hender, halda avstand, avgrensa reising til det som er naudsynt, oppmodar kommunen.

Dei vil samtidig skryta av innbyggarane som har vore flinke til å følga smittevernråda i den vanskelege tida.

Artikkeltags