Gå til sidens hovedinnhold

Ka e de me Odda? blei det spurt for eit par tiår sidan i riksmedia. Det veit vi ein del om no.

Her er Knut OIav Åmås si opningstale under Jernrosa Litteraturfestival 2021

Spaltist Denne teksten gir uttrykk for skribenten sine personlege haldningar.

Den gang da far min løftet

fanen i tro og tross

sådde han korn og frihet,

sådde for oss.

Over ham sprang en stjerne,

under ham sang en jord.

Dei fleste av dykk kjenner igjen denne, ein av dei finaste songane til arbeidarrørsla - "De unge slekter" med tekst av Kåre Holt og melodi av Jolly Kramer-Johansen. Desse linene gjev oss litt av himmelen over denne festivalen. Samtidig illustrerer dei litt av grobotnen under politisk litteratur - kva jord den har vokse ut av og kva draumar den dreier seg om.

Den er skapt av det eg har kalla «diktarar med ein dagsorden».

Diverre har denne sosialt medvitne litteraturen vore undervurdert sidan den blei til. Ikkje minst songlyrikken, dei tekstane som skulle syngast, men også arbeidarlitteraturen heilt generelt. Først dei siste åra har det byrja å losna litt.

Korfor har det vore slik? Kanskje fordi denne diktinga rett og slett har hatt funksjonar og verknader som er blitt sett på som litt "enkle". Den skulle skildra, den skulle mobilisera. Skildringane kunne sjølvsagt stundom bli skjematiske, mobiliseringsforslaga programmatiske. Og så såg ein ikkje kvalitetane.

Arbeidarforfattarar som Alf Prøysen og Arne Paasche Aasen er to av dei som denne nedvurderinga har ramma. Dei to har hatt større påverknad på oss nordmenn i eit halvt hundreår enn dei fleste. Likevel er dei blitt sett ned på som kunstnarar.

Er det fordi dei har hatt ein så klar sosial agenda og vore så tilgjengelege i form?

Det sosiale perspektivet i tekstane til Prøysen slår meg. Her er det stoff og kraft nok til ei heil arbeidarrørsle! Men det har site langt inne for mange å sjå ein koseleg-folkeleg visediktar og barnetimeonkel som Alf Prøysen som noko anna - som ein alvorleg kunstnar med ein "mission". Han oppfordrar rett nok ikkje til opprør, men han insisterer på å gje husmennene og deira kultur både verdi og verdighet.

For eit par år sidan las eg Arild Byes nye biografi om Arne Paasche Aasen (1901-1978). Bye er jo ein kjenning av denne festivalen. Eg lurer på korfor eg nesten ikkje har visst nokonting om verket til Paasche Aasen. To generasjonar i min eigen nære familie av Arbeidarparti-politikarar har sunge hans «Seieren følger våre faner» og «Frihetens forpost».

I flere etterkrigstiår prega Paasche Aasen norsk radio med slagarar som «De nære ting» og «Blåveispiken». Bye skildrar Paasche Aasens innsats treffande: «Han ble prismet - mer enn noen annen - for hva denne massebevegelsen førte til av resultater for småfolk.» Han verka og skein likevel berre ei kort stund.

Men den litteraturen vi snakkar om no, arbeidardiktinga, har utvilsamt vore med og forandra samfunn. Eller iallfall vore "soundtrack" til dei store og djupe samfunnsendringane arbeidarrørsla har fått til.

Det veit dei fleste som sit her mykje om, alle vi som har opplevd 1. mai i Odda eller på andre raude stader. Kor stor ein dag var ikkje dét! Nesten gjævare enn søttande.

Det var morgonsalutt og arbeidarsongar, talar, talar, tog og korps, fleire talar, så softis og ikkje minst gratis kino, med Tveiten i uvanleg godt humør. (Så vidt eg hugsar, eg er sanneleg ikkje sikker, så redd han som eg var.)

Eg opna Jernrosa også for fem år sidan, den første i rekkja. Det var så klokt pønska ut, det var så godt planlagt og gjennomført allereie då. Endeleg eit skarpt og spisst fokus på arbeidarlitteraturen, og det på ein av arnestadene til det norske industrieventyret.

Ka e de me Odda? blei det spurt for eit par tiår sidan i riksmedia.

Det veit vi ein del om no, altså kva som har skapt grunnlaget for ein rik samtidslitteratur frå Odda. Det er så mykje, frå eit godt bibliotek og gode skular til særeigne miljø som verkeleg inspirerte forteljargleda.

Eit anna spørsmål er: Ka e de me Lars Ove Seljestad?

Han har hatt ein særs stri tørn med denne festivalen. Men det har gått bra. Svært bra. Eg veit at det går på marginane, ikkje berre av og til, men mykje av tida. Eg håper det kjem litt romslegare tider no. Det fortener du. Det fortener festivalen. Det fortener vi.

Eit tredje spørsmål: Ka e det med Jernrosa?

Den er nasjonal og den er lokal. Begge deler viste seg med full tyngd då det for ein del veker sidan blei sett i gong ei spontan kronerulling for å kompensera for eit kommunalt tilskot som såg ut til å ha blitt stroke.

For sjølv om festivalen er lokalt forankra i Odda-samfunnet si nære historie både kulturelt og materielt, har festivalen eit nasjonalt nedslagsfelt og nasjonale ambisjonar. Festivalen er eit ytringsfridoms-, demokrati- og mangfaldsprosjekt som arbeider for å synleggjera arbeidarlitteratur og sosialt medviten litteratur.

Og det har lukkast: På berre fem år er Jernrosa blitt den mest sentrale arenaen for arbeidarlitteratur i Norge og har fått ein viktig miljøskapande funksjon for denne undertrykte kulturen.

Festivalen har også inspirert LO og fagrørsla til å engasjera seg sterkare i litteraturfeltet. Jernrosa har òg motivert nye festivaletableringar, blant anna ved Akerselva i Oslo. I fjor hadde fleire av dei største norske festivalane arbeidarlitteratur som eigne tema.

Noko skjer!

Deler av æren har Jernrosa. Deler av skulda har den veksande sosiale og økonomiske ulikskapen som igjen gjer klasse og arbeid aktuelt som politisk og kulturelt kjernetema.

For arbeidarklassa er ikkje borte. Globalt er den større enn nokon gong. Vi ser aukande sosiale skilnader, og endå større no under koronaen. Nei, ingen kjem unna politikken.

I år er det tiårsmarkering for den høgreekstreme terroren på Utøya og i regjeringskvartalet. Den hendinga er utvilsamt også blitt for lite politisert.

Som forfattaren Stig Holmås skriv i eit dikt: "Det var ikke et angrep på alle." Han held fram: "Det var ikke et angrep på rasister. Det var ikke et angrep på fascister. Det var ikke et angrep på de mørkeblå. Det var ikke et angrep på de brune."

Diktet står i antologien som heiter "Alt skal bli forandra. Snart." som kom ut for eit par-tre år sidan, redigert av Anne Marit Godal og Leif Høghaug.

"Alt skal bli forandra. Snart." Dei orda er kanskje programmet for heile arbeidarrørsla. Og dei er noko av den haldninga som ligg under i mykje av den sosialt medvitne litteraturen som blir skapt også i dag.

Noko av den løfter Jernrosa 2021 fram, her i kveld og i heile morgon, på 1. mai.

Arbeidarlitteraturen er komen heim. Det er han som har skrive denne talen også, om ikkje fysisk, så iallfall mentalt.

Eg vil avslutta med dei same diktlinjene som eg starta med, frå "De unge slekter", pluss nokre linjer til frå same diktet. For desse formuleringane er ikkje historie, dei er samtid, sjølv om orda blei skapte i ei anna tid.

Og den tida var altså same tida som forma denne industristaden - og rundt eitt hundre år etter skapte denne festivalen, Jernrosa - som eg med dei følgjande orda erklærer for offisielt opna:

Den gang da far min løftet

fanen i tro og tross

sådde han korn og frihet,

sådde for oss.

(...)

Slik ble en mann en såmann

for barn og mor.

Over deg sprang en stjerne,

dypt i deg sang et hav!

* Denne talen vart framført av Are Tomasgard under årets utgåve av Jernrosa og er gjeve att med tillating.

Kommentarer til denne saken