Gå til sidens hovedinnhold

Juryen valde ut tre kreative i staden for éin: Lothepus, Vossen og familie er kåra

Artikkelen er over 2 år gammel

21 bidrag kom inn då heimesideredaksjonen i Eidfjord kommune arrangerte konkurranse. Oppgåva var å byggja den mest kreative snømannen i Eidfjord. Dei hadde lova gåvekort på 500 kroner til éin vinnar. — Me har hatt jurymøte og klarte ikkje velja éin vinnar, dermed vart det tre, melder dei. Dei tre er: Lothepus laga av Bjørn Inge Hereid Medhus, snømannfamilie laga av 2. — 3. klasse på Lægreid skule og Vossen (besten frå Voss) laga av Tuva Hotle Riber og Per-Georg Riber. Dei tre vinnarane får alle gåvekort på 500 kroner og diplom. Vinnarane har fått melding om kåringa og skal få premie over helga.

Du har nå sett Juryen valde ut tre kreative i staden for éin: Lothepus, Vossen og familie er kåra