Toneskredo har jolekonsert søndag

LEVANDE LYS: Eidfjord kyrkje vert pynta med masse levande lys når Toneskredo med orkester held konsert. Arkivfoto

LEVANDE LYS: Eidfjord kyrkje vert pynta med masse levande lys når Toneskredo med orkester held konsert. Arkivfoto

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 uker

«Toneskredo har hatt det veldig kjekt på øvingane i haust. Tom Jarle Istad Kristiansen har klart å øve inn eit flott repertoar med oss – utan at me har fått sjå eit einaste noteark!

18. desember skal de få sjå resultatet – då inviterer Toneskredo igjen til stemningsfull jolekonsert i Eidfjord kyrkje. Det blir eit nydeleg og variert program denne førjolskvelden, med fleire eigne solistar og orkester!

Torbjørn Alfsen, gitar, Peter Haltorp, bass og Rune Mørland, trommer, spelar.

I ei kyrkje pynta med masse levande lys ynskjer me å gje publikum den rette jolestemninga.

Billettar kan kjøpast på førehand på YX Eidfjord eller på turistkontoret i Eidfjord, og sjølvsagt i døra konsertkvelden».

Dette melder koret i eit presseskriv.

Artikkeltags