Julekalender vekker stort engasjement

Her er vinnarane denne veka.

DEL

Kvar dag i desember publiserer Hardanger Folkeblad ein filmsnutt, der podcast-trioen «Odda For Faen» diskuterer eit ord, utan å nemna sjølve ordet. Konkurransen går ut på å skjønna kva dei snakkar om.

Så langt i desember har det kome inn nesten 1000 svar. Kvar veke trekk vi ut fire vinnarar som får gåvekort på 500 kroner hjå Odda By. Vinnarane denne veka er:

Grethe Haavik

Sarah Johnson Melkeraaen

Olav Simon Kambestad

Renate Lyngstad

- Det har vore eit utruleg engasjement så langt, med nesten 1000 svar dei første to vekene. Det er openbert at årets julekalender har treft bra. I romjula skal vi trekkja dei fire siste vinnarene. Kvar dag fram til og med julaften kjem vi til å leggja ut luker, så det er enno sjanse for å vinna, seier redaktør Eivind Dahle Sjåstad.

Prøv deg på dagens luke her:

Artikkeltags