Så mykje handlar vi for i desember - og dette handlar vi

Illustrasjonsfoto: Julehandel

Illustrasjonsfoto: Julehandel Foto:

Av

Kvar nordmann kjem til å handle for 10.700 kroner i julestria, om utrekningane til SSB slår til. Det er i så fall ein auke på 1,7 prosent frå i fjor.

DEL

Totalt reknar Statistisk sentralbyrå (SSB) med at vi kjem til å handle for rekordhøge 57 milliardar kroner i desember.

Sjølv om relativt nye omgrep som Black Friday, Cyber Monday og Singles Day har gjort sitt inntog i Noreg dei siste åra, er den tradisjonelle julehandelen framleis viktig for handelsstanden.

I desember vil vi bruke 24,4 milliardar kroner på mat og drikke, medan 32,6 milliardar kroner blir brukte i andre butikkar enn daglegvarebutikken. Daglegvarebutikkane omset for 21 prosent meir i desember månad enn resten av månadene.

Ein av dei faste slagerane til jula i daglegvarebutikkane er klementinar eller mandarinar. Tal frå utanrikshandelsstatistikken viser at 32 prosent av den årlege importen av klementinar og mandarinar fann stad i desember månad i fjor.

Kraftig auke i alkoholinnkjøp

Omsetninga av vin og brennevin er forventa å vere heile 77 prosent høgare i desember enn i andre månader gjennom året, men det er likevel småplukk samanlikna med meirhandelen i kategorien spel og leiker, der omsetninga aukar med heile 190 prosent. Også musikk- og filmsalet aukar kraftig i desember, med heile 170 prosent, medan bokhandlarar noterer seg for ei meiromsetning på 156 prosent.

Ser vi bort frå mat og drikke er det likevel klesbransjen som omset for mest i kroner og øre i desember månad. Det blir forventa ei omsetning på 4,36 milliardar kroner i klesbutikkane i landet. Det er likevel ein nedgang på 3,6 prosent samanlikna med desember i fjor.

Meir netthandel

SSB har òg rekna seg fram til at norske nettbutikkar vil selje varer for 2,6 milliardar kroner denne månaden. Dette vil vere ein auke på 4,9 prosent frå julemånaden i fjor, men likevel er desemberomsetninga 1 milliard kroner mindre i desember enn i november.

Dette kjem av at nettbutikkane er populære på handledagar som Black Friday og Singles Day, og at mange nyttar sjansen til å handle inn julegåvene då.

Meir grensehandel

Oslo skil seg ut som det fylka i landet med størst handleaktivitet i desember, rundt 12.000 kroner vil kvar innbyggar legge ut i desember. Dette er rundt 300 kroner meir enn i Akershus og Vestfold.

Det fylket som bruker minst i desember, er Østfold, der det blir handla for rundt 8.900 kroner om jula. Men med nærleiken til Sverige er østfoldingane høgt representerte på grensehandelsstatistikken, som viser ein aukande handel på dagsturar til nabolandet. Hittil i år har grensehandelen auka med 15,1 prosent og talet på dagsturar over grensa med 20,7 prosent.

Tala er rekna ut frå omsetningsstatistikken for desember i fjor og utviklinga i den månadlege detaljomsetningsindeksen til SSB. I tillegg føreset SSB at handletrenden for dei ti første månadene i år held fram ut året.

Artikkeltags