Pål sendte inn eitt av nesten 700 svar - her hentar han premien

Pål K. Kaupang og redaktør Eivind Dahle Sjåstad.

Pål K. Kaupang og redaktør Eivind Dahle Sjåstad. Foto:

HF har kåra dei første vinnarane av årets julekalender.

DEL

Kvar dag i desember publiserer Hardanger Folkeblad ein filmsnutt, der podcast-trioen «Odda For Faen» diskuterer eit ord, utan å nemna sjølve ordet. Konkurransen går ut på å skjønna kva dei snakkar om.

Så langt i desember har det kome inn nesten 700 svar. Kvar veke trekk vi ut fire vinnarar som får gåvekort på 500 kroner hjå Odda By. Vinnarane dei første veka er:

Pål K. Kaupang

Stine Kvam Haugland

Kari Isdal

Mona Lande Berge

Kaupang var tysdag inne for å henta sin premie, og då fekk vi nokre ord med han om kva han synest om årets julekalender:

- Den har vore veldig bra. Stort sett lette oppgåver, det var ein eg ikkje fekk til førre veke, seier han.

Redaktør Eivind Dahle Sjåstad er nøgd med oppslutninga om årets julekalender.

- Det har vore eit utruleg engasjement og mange er innom på nett for å få med seg adventslukene kvar dag. Vi er glade for at Odda For Faen ville stilla opp på årets kalender og gleder oss til fortsettinga. Det er endå mange premiar som skal delast ut, seier han.

Har du lyst til å prøva deg? Her kan du sjå dagens episode.

Og her er alle lukene så langt samla.

Artikkeltags