Jorunn har jobba 30 år i nærbutikk: – Folk ønskjer eit mykje større vareutval i dag
Laurdag var det tid for den landsomfattande Handle lokalt-dagen, der spesielt nærbutikkane er i fokus. – Folk ønskjer eit mykje større vareutval i dag enn tidlegare. Det er eit vanskeleg ønskje å oppfylla for ein nærbutikk, seier Jorunn Rogde, mangeårig tilsett ved Nærbutikken Grimo.