Jorunn er gardsbrukar, bloggar og teikneserieskapar. No har ho fått målprisen.

EPLE OG EVENTYR: Jorunn Hanto-Haugse driv mellom anna fruktgard, men er òg bloggar og teikneserieskapar. I førre veke vart ho heidra med målprisen og fekk eit flott bilde laga av den lokale kunstnaren Mustaf Al Bayati i Kinsarvik.

EPLE OG EVENTYR: Jorunn Hanto-Haugse driv mellom anna fruktgard, men er òg bloggar og teikneserieskapar. I førre veke vart ho heidra med målprisen og fekk eit flott bilde laga av den lokale kunstnaren Mustaf Al Bayati i Kinsarvik.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Jorunn Hanto-Haugse lagar teikneseriar på nynorsk og driv i tillegg bloggen «Eple og eventyr». No har gardsbrukaren fått pris for godt mål- arbeid av Ullensvang mållag. – Overraskande, meiner ho sjølv.

DEL

Johannes H. Sekse, tidlegare HF-journalist og den aller første målprisvinnaren for om lag 20 år sidan, stod for utdelinga av prisen.


Han framheva mellom anna Hanto-Haugse sin lette og leikande nynorsk med ungdommeleg snert.

- Ho brukar nynorsk til å formidla fagstoff på eit høgt nivå, men samstundes forståeleg språk, meiner Sekse.

Ein målhybrid

– Veldig overraskande. Eg trudde ikkje dette var noko eg kunne få pris for, seier ho til HF etter den høgtidelege utdelinga på Utne Hotel i førre veke.


– Det litt finurlege er at eg er litt målhybrid. Så lenge eg kan hugsa har eg hatt to dialektar. Til alle hardingar og dei fleste nordmenn pratar eg hardingmål og skriv nynorsk. Til mor mi og hennar slekt snakkar eg sørlandsk og skriv bokmål, men det ser eg på som ein stor fordel. Det gjer at eg har vore veldig språkleg medviten, seier ho.
 

I grunngjevinga for prisen heiter det òg at Jorunn Hanto-Haugse er meister for fleire teikneseriar, som «Reveland» «Reform 94», «Gramatikkmannen», «Skulen» og mange fleire. Dei har og vore nytta av fleire aviser.

Valet til Jorunn stod ei stund mellom å verta 100 prosent teikneseriemakar eller å verta fruktbonde. Ho hamna midt i mellom.


– Det begynte i 2007 då eg sende ein e-post til Avisa Hordaland på Voss og sa at eg hadde nokre gamle teikneseriar liggande i ein skuff. Eg spurde om dei ville trykka dei og det sa dei ja til. Det balla på seg og gjekk litt av seg sjølv. Det var ein nisje der som var klar til å verta fyllt, for folk var litt lei Hårek, forklarar ho.

Lærer kvardagslege ting

Seinare fekk ho fleire oppdrag og flytta seinare heim til Hardanger med mannen og tok over garden.


– Det ville eg gjera noko ut av og derfor oppretta eg bloggen, fortel den ivrige bloggaren og seier ho har planar om å halda fram med skrivinga, trass i at ho etter eit besøk på Hardanger Fjordfrukt vart «headhunta» til å drifta Facebooksida deira.


Sjølve prisen ho fekk av mållaget er ei teikning av den lokale kunstnaren Mustaf Al Bayati i Kinsarvik (sjå bilde). Bloggane til målprisvinnaren kan du mellom anna lesa gjennom Facebooksida til fruktlageret på Utne.

Til dømes ein lærerik adventskalender og ikkje minst ein nyttig brukartest av haustposar. I bloggen kan ein òg læra kvardagslege ting som korleis ein kan berga sausen om han har vorte for salt.
 

– Ullensvang mållag vonar prisen kan inspirera fleire av dei det burde vera naturleg for, til å bruka nynorsk i alle samanhengar, sa Johannes H. Sekse under tildelinga.