Politikutt i Jondal og Ullensvang

Artikkelen er over 3 år gammel

Politimeisteren er klar med si innstilling: Vil leggje ned 18 lensmannskontor.

DEL

Innstillinga til politimeister Kaare Songstad vart fredag lagt ut på høyring. Der foreslår han å leggje ned heile 18 kontor i Vest politidistrikt. Seks av desse ligg i Hordaland: Jondal, Ullensvang, Ulvik, Austrheim, Samnanger og Osterøy.

Kommunane bes no sende sine høyringssvar til politimeisteren før 1. desember, før han sender si endelege anbefaling til politidirektoratet.

Nedlegginga er ein del av nærpolitireformen, som mellom anna skal føre til eit politi som er meir tilgjengeleg og til stade med god lokal forankring og samhandling, skriv Songstad i ei pressemelding.

– I dag har Vest politidistrikt mange små kontor som store deler av veka ikkje er opne og ikkje har mannskap til stades. Politiet bind i dag opp mykje ressursar i form av pengar og personell til lokale som ikkje er mykje i bruk. Politiet ønskjer i staden å nytte pengane til operativ polititeneste. Dei som jobbar ved nokre av kontora kan og utføre ei betre politioperativ teneste for publikum dersom dei er ute på patrulje der folk bur og ferdast.

– Målet er at politiet skal bli meir tilgjengeleg sjølv om nokre kontor no blir foreslått nedlagde. Gjennom vaktsamarbeid som kan delast mellom eit større tal polititenestepersonar skal vi forsøke å auke talet på timar med aktiv polititeneste i den nye organisasjonen og graden av tid som nyttast til heimevakt kan reduserast. Samla sett er målet at politiet skal bli meir tilgjengeleg for innbyggjarane, skriv Songstad.

Artikkeltags