Stoltenberg kjem til Jondal

Statsminister Jens Stoltenberg er snorklyppar når Jondalstunnelen opnar 7. september.

Statsminister Jens Stoltenberg er snorklyppar når Jondalstunnelen opnar 7. september. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Statsminister Jens Stoltenberg kjem til Jondal 7. september for å føreta den offisielle opninga av Jondalstunnelen.

DEL

– Vi er glade for at statsministeren har takka ja til å stå for opninga av dette svært viktige fylkesveganlegget. Hans nærvær vil setja ein ekstra spiss på dagen, seier fylkesvaraordførar Mona H. Hellesnes i ei pressemelding.

Opningsmarkeringa vert på Torsnes, på Jondalssida av tunnelen.

Det nye vegsambandet mellom Torsnes i Jondal og Nordrepollen i Kvinnherad knyter nabokommunane tettare saman, og opnar opp for eit nytt samband mellom Odda og Bergen.

– Prosjektet er viktig både i lokalt og regionalt perspektiv. Utanom dei store prosjekta i Bergensprogrammet, er dette det klart største fylkesvegprosjektet Hordaland fylkeskommune nokon gong har stått for. Det ruvar også i nasjonal samanheng, heiter det vidare i meldinga.

Jondalstunnelen er 10.050 meter lang, og vert den nest lengste tunnelen i Hordaland. Berre naboen Folgefonntunnelen er lenger, med sine 11.150 meter.

Budsjettert kostnad for heile anlegget er rundt 850 millionar kroner. Prosjektet omfattar også Torsnestunnelen på 580 meter, hovudveg i Nordrepollen på 540 meter og 1.485 meter ny hovudveg i Jondal.

Artikkeltags