Det er klart etter at alle gruppeleiarane hadde eit møte med ordførar Jon Larsgard i formiddag.

Det inneber at spørsmålet om Jondal skal stå åleine eller gå saman med Odda og Ullensvang kjem opp som einaste sak i eit ekstraordinært møte onsdag 5. oktober.

- Vi unngår dermed det kaoset det kunne blitt i kommunestyret i morgon, seier ordførar Jon Larsgard til Hardanger Folkeblad.

Arbeidarpartiet sin gruppeleiar Olav-Magnus Hammer seier at det no er semje om å få ro om saka.