Larsgard braut kommunelova

Her fylkesmann Lars Sponheim og ordførar i Jondal, Jon Larsgard.

Her fylkesmann Lars Sponheim og ordførar i Jondal, Jon Larsgard. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Fylkesmannen i Hordaland har kome til at ordførar i Jondal, Jon Larsgard, braut kommunelova då han nekta å setja reform-saka opp på saklista til kommunestyremøtet i dag.

DEL

Det var leiar i Jondal Arbeidarparti, Olav-Magnus Hammer, som sist fredag krevde lovlegkontroll av avgjerda om å ikkje føra spørsmålet om kommunereform opp på saklista til kommunestyremøtet 28. september (i dag).

I brevet syner Fylkesmannen til at kravet ikkje er sett fram av minst tre medlemer av kommunestyret, og derfor stettar dette ikkje Kommunelova §59 nr. 5. Men Fylkesmannen tek likevel opp spøsrsmålet om lovlegkontroll og syner til §59 nr. 5 som seier at "på eget initiativ ta en avgjørelse opp til lovlighetskontroll".

Årsaken er er at Fylkesmannen alt i brev av 12. september til ordføraren i Jondal, klargjorde det rettslege spørsmålet, etter å ha henta inn synspunkt frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD). I brevet syner Fylkesmannen til at dette synet vart repetert og presisert i hans  brev av 20. september, utan at ordføraren retta seg etter den rettslege oppfatninga både Fylkesmannen og KMD har hatt om denne saka.

I avgjerda om lovlegkontroll er det også drøfta ei rekkje andre kommunaljuridiske spørsmål, men Fylkesmannen konkluderer med at avgjerda om å ikkje setja saka opp til møtet 28. sptember var ulovleg og vert oppheva.

No har dette ikkje dei store praktiske konsekvensane fordi dei politiske partia i Jondal er einige om å ta saka opp i eit ekstraordinært kommunestyremøte onsdag 5. oktober.

Artikkeltags