Isdal var ein av 12 søkarar til stillinga som øvste administrative leiar i kommunen.

For kort tid tilbake, slutta Siv Helle Prestegard i stillinga som rådmann. Assisterande rådmann Ragnvald Joakimsen vart konstituert. Han skal etter det Hardanger Folkeblad kjenner til, ikkje vera mellom dei tolv som søkte på stillinga.

Tilrådinga frå rådmannen om Reidar Isdal som ny rådmann, vart samrøystes vedteke.

Ifylgje avisa Hordaland Folkeblad, var tre kandidatar kalla inn til intervju.

Arbeidsgruppa som har førebudd tilsetjing, har hatt gruppeleiarane i kommunestyret, ordførar og to tilsetterepresentantar som medlemmer.

Gruppa har henta inn hjelp frå eit konsulentselskap etter at dei hadde utarbeidd kravspesifikasjonar og utlysingstekst.

Gruppa meiner ifylgje saksutgreiinga at kvalifikasjonsprinsippet er sikra i prosessen.

Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke.

I tråd med lønspolitisk plan har politisk forhandlingsutval – som er ordførar og varaordførar – i oppgåve å utarbeida ein arbeidsavtale som fastset løns-, pensjons- og arbeidsvilkår for den nye rådmannen.