Ekstern hjelp i Jondal

Det vart fleirtal for å henta inn ekstern hjelp for å få fart på skuleopprusting.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

I følge Hordaland Folkeblad var det «Høgre, Ap og eit litt nølande KrF i Jondal som stemde for å løyva pengar for å hyra inn ekstern prosjektleiar» i siste kommunestyremøte i 2016.

Høgre-framlegget om å løyva ein halv million til føremålet vart debattert under budsjetthandsaminga. Sp røysta imot. Magnar Sollesnes (Sp) sa at det er feil å gripa inn i kvardagen til teknisk sjef på denne måten. – Når ein etatsleiar har fått tildelt pengar til oppgåver som skal utførast, er det hans fulle ansvar å bruka pengar på best mogleg måte ut frå måla han har sett for drifta.

– Det strir mot mi form for leiarskap å seia kva ein einingsleiar skal gjera, vert Sollesnes sitert på.

Knut Flatabø (Ap) sa at framlegget ikkje handlar om mistillit, men at pengane skal vera ein ekstra ressurs til teknisk eining slik at prosjekta som er vedtekne i investeringsbudsjettet kan gjennomførast.

Ordførar Jon Larsgard (Sp) minna om at teknisk sjef Sigbjørn Haugen har informert formannskapet om at han har tenkt å leiga inn kompetanse der han treng det - og at han allereie har pengar til det. Olav Magnus Hammer (Ap) sa at forslaget understrekar at partia er utolmodige.

– Eg har sett gjennom fleire år at investeringar ikkje vert gjennomførte, og eg ser at dei tilsette i teknisk eining har det travelt, sa han.

Artikkeltags