Jondal overtar Kvinnherad-bygder

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Fylkesmannen har vedteke å endra kommunegrensa mellom Jondal og Kvinnherad, slik at bygdene Gausvik, Årvik, Årsand og Hesvik frå 1. januar 2013 skal høyra til Jondal.

DEL

Det var i oktober 2010 24 innbyggjarar søkte Kvinnherad kommune om endring av kommunegrensene. Søknaden vart m.a. grunngjeven med at innbyggjarane i dei fire nemnde grendene får alle dei kommunale tenestene sine, unnateke landbruk og tekniske tenester, frå Jondal, ei ordning som har fungert godt og som i praksis har ført til at dei fire bygdene har vorte ein integrert del av Jondal kommune.

Søknaden har vore til innbyggjarhøyring og til vurdering i dei to kommunane, som og har utgreidd konsekvensane av ei grensejustering. Her kjem det m.a. fram at Kvinnherad i 2008 betalte kring 2.7 millionar kroner til Jondal for tenester til innbyggjarane i dei fire bygdene. Same året mottok Kvinnherad kring 1.7 millionar i rammetilskot og skatt for desse innbyggjarane. Ved ei grensejustering vil Kvinnherad tapa noko eigedomsskatt, konsesjonskraft og konsesjonsavgift, innbyggjarane i dei fire bygdene vil få kortare reiseavstand til kommunesenteret, og det vil verta mindre trafikk gjennom Jondalstunnelen.

I vurderinga si seier fylkesmannen at det ikkje har kome fram noko i prosessen som tilseier at grensejusteringa ikkje bør gjennomførast. Han har vektlagt intensjonane i inndelingslova om å få til føremålstenlege og tidsmessige administrative einingar som kan gje innbyggjarane og næringslivet tilfredsstillande forvaltning og tenester, og den geografiske nærleiken til Jondal sitt kommunesenter er ein avgjerande faktor her.

Ut frå dette har han vedteke den omsøkte grensejusteringa, som skal gjelda frå 1. januar 2013, og den nye kommunegrensa skal fylgja framlegga frå Statens kartverk og Kvinnherad kommune. Kommunane kan klaga vedtaket inn for kommunal- og regionaldepartementet med ein klagefrist på seks veker.

Artikkeltags