Gå til sidens hovedinnhold

Har mottatt dispensasjonssøknad om badehus ved Akkjerhaugen hotell

Artikkelen er over 2 år gammel

Fylkesmannen oppheva i haust Jondal kommune sitt vedtak om badehuset ved Akkjerhaugen hotell. No har tiltakshavar sendt ny søknad til kommunen, der dei ber om dispensasjon frå strandvernet.

Etter klage frå ein nabo, kjente Fylkesmannen kommunen sitt vedtak ugyldig tidlegare i haust, og sende søknaden tilbake for ny handsaming.

– I den bør kommunen vurdere om det trengst dispensasjon, skriv Fylkesmannen, og legg til at dei ikkje meiner å legge føringar for kva resultat kommunen skal kome til, skreiv Fylkesmannen i brevet der dei oppheva byggeløyva.

No har tiltakshavar, sendt ny søknad. Der ber dei om dispensasjon frå strandvernet.

– No skal både den og kommunen sin avtale med Acos behandlast framover. Dette er i utgangspunktet to separate saker. Den eine skal behandlast i kommunestyret. Den andre av Plan- og driftsutvalet, seier teknisk sjef Trygve Vik.

Kommentarer til denne saken