Kvam seier ja til Jondal

Jondal

Jondal Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Kvemmingane ynskjer samanslåing med Jondal.

DEL

Kvam sin rådmann Arild McClellan Steine melder at innbyggjarane seier klart ja til Jondal, men er delt i synet om Granvin.

-  Det er signifikant fleire som er for (56 %) enn mot (25 %) at Kvam herad og Jondal kommune slår seg saman. 19 % svarar at dei ikkje veit, heiter det i pressemeldinga.

Dette kjem fram i ei innbyggjarundersøking gjennomført av Opinion AS. Vidare heiter det at innbyggjarane er delt i synet på om Kvam herad og Granvin herad bør slå seg saman.

Vidare kjem det fram at:

-          41 % er for og 44 % er imot at Kvam herad og Granvin herad slår seg saman. 15 % svarar at dei ikkje veit.

-          Signifikant fleire menn (46 %) enn kvinner (35 %) svarar at dei er for

-          Den høgste delen motstandarar finn me i aldersgruppa 16-29 år (50 %) og blant dei over 60 år (47 %)

Artikkeltags