Ventar over 100 utstillarar til Jondal

Handverk: Jondalsmessa har noko for alle aldrar.

Handverk: Jondalsmessa har noko for alle aldrar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Med hovudtema Lokal handverkstradisjon er årets handverksmesse i Jondal i ferd med å ta form. Mange utstillarar har booka seg inn og programmet vert stadig fyldigare for helga der juni vert juli.

DEL

Den tradisjonelle messa har vore arrangert kvart andre år sidan 1986, og feira soleis 30-årsjubileum førre gong. I år er messa frå fredag 29. juni til sundag 1. juli. Denne gong flytta ei veke fram i tid for ikkje å kollidera med Røldalsmarknaden.

Overbygninga over Jondalsmessa er ynsket om å vera motvekt til den kommersielle messeverda. Kvalitet, tradisjon, mangfald og kunnskap er rettesnorer for arrangørane.

Kvar gong kjem over 100 utstillarar, frå heile landet – og andre land. Treng du bringdukar, bunad, trearbeid, saft, hagemøblar, tiffanyengklar, kremar, smykke, honning – eller ein båt; kan det vera lurt å ta turen til handverksmessa.

Eitt krav er at alle produkt som vert bydd fram, skal vera eigenproduserte. Elleve frivillige lag og organisasjonar i kommunen syter på dugnad for at messa og arrangementa i tilknyting vert gjennomførte.

På lista over årets artistar er førebels Hardanger Big Band og Scenaskrekk offentleggjort.

Arena er Jondal skule og skuleplassen.

Artikkeltags