Klart for handverksmessa i Jondal

Heim: Herborg Kråkevik kjem til heimbygda for å underhalda på handverksmessa.

Heim: Herborg Kråkevik kjem til heimbygda for å underhalda på handverksmessa. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Til helga står Jondal i handverkstradisjonar sitt teikn. Det er klart for den 15. handverksmessa i kommunen. Mykje dugnadsarbeid er lagt ned for å gjera klart til både utstillarar, demonstrasjonar og kunstnarlege opplevingar over tre dagar.

DEL

«I år kan me by på eigenproduserte varar frå ca. 100 utstillarar. Det er produsentar frå heile Sør-Noreg og dei syner varer innan områda handverk, husflid, mattradisjonar og kunst», heiter det i ei pressemelding frå arrangørane som omtalar messa som familievenleg og rusfri.

Les og: Anne Karin Lothe (71) har måla i førti år. No er ho klar for både Røldalsmarknaden og handverksmessa

Ho er eigd av ulike lag og foreiningar i Jondal kommune.

I samband med årets særtema – lokale handverkstradisjonar – vert det føredrag innan ulike tema. Mellom anna skal styrar på Hardanger folkemuseum, Agnete Sivertsen, demonstrera skautafelling. Det vert og strikkekonkurranse på scena.

Tekstilkunstnar Kristi Skintveit og trekunstnar Johan Hartmann Sand stiller ut i Vikeløa. Her vert det høve til å sjå unik og kreativ bruk av tre, og glimt frå Skintveit si lange virke som tekstilkunstnar. Ho har stilt ut mange gonger, medan han debuterer.

Underhaldninga i år er lokal; med Herborg Kråkevik, Hardanger Big Band og Scenaskrekk, som alle opptrer på arrangement etter messetid. På utescena vert lokale talent introdusera. Dei frivillige kreftene er sterke og Jondal har lange tradisjonar med at innbyggjarane stiller til dugnad.

Husflidskonsulenten i Hordaland vil kåra beste stand og heidra eit produkt for godt handverk.

Fredag, laurdag og sundag er Jondal definitivt staden å vera.

Artikkeltags