- Det er tydeleg for Statens naturoppsyn at det er mange som har fått med seg rømminga frå oppdrettsanlegget til Linga-laks. Det er mange som vil hjelpa til med oppfisking av denne laksen, noko som sjølvsagt er bra, skriv Olaf Brattland i ei pressemelding.

Samstundes minner Statens naturoppsyn om at der ikkje er gjeve dispensasjon frå regelverket som gjeld fiske i sjøen med garn, samt fiske med stong i fredingssonar, og at folk som vil delta i fiske etter oppdrettsfisk må følgje dei vanlege reglane for fiske som gjeld for årstida på den staden dei fiskar.

Les og: Laks på rømmen i Hardangerfjorden

Det var fredag kveld og natt til laurdag at Statens naturoppsyn gjennomførte laksetilsyn rundt Tysnes og i Hardangerfjorden i Kvinnherad kommune, Jondal kommune og Kvam herad.  Totalt vart åtte ulovlege garn drege inn.

Destruert

« 2 stk. i Kvam, 1 stk. i Jondal, 1 stk. i Kvinnherad og 4 stk. ved Tysnes. Det største garnet som vart drege inn var ca. 130 m langt, og hadde 20 oppdrettslaks på 3-5 kg», heiter det i pressemeldinga.

Dette skal ha stått på flyt og sperra ei vik i Kvam herad. All laksen vart destruert etter veging.

- Ingen av dei garna som vart drege inn var merka med namn og adresse, slik at det er ikkje oppretta politisaker for ulovlig fiske enno. Dei vert å regne som administrativt inndrege, og vil bli destruerte etter 3 månader om ikkje me får tak i eigarane, opplyser Brattland.