Denne reportasjen skal ikkje handla om akevittnissen ...
... eller om nakenbading.
... sjølv om det sit ein kar i vindauga som ser ut som han har sett noko han ikkje burde ha sett.
Denne soga startar attende i 1998 då ein lastebil køyrde rett gjennom husveggen på Vassenden.
Det gamle posthuset vart påført fatale skadar i krasjen.
24 år etter er ein venegjeng samla framfor huset ved Granvinsvatnet, takka vera krasjen og koronapandemien.
Jolafest i juli i Posthuset B & B
'Det var julimat og juliøl, og julistemning stod: Der i tunet var eit julitre og juliakevitt, og ein gjeng med askøynissar som kviskra: Å, juli med di gleda!