Forskarar har funne «draumeturisten»

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Av

Forskarar ved Vestlandsforsking meiner dei har funne fram til den fullkomne turisten. Det er ein person med mykje pengar og god tid.

DEL

– Han er frå Nord-Italia, er mellom 35 og 55 år, og har minst fire gonger høgare inntekt enn snittet i EU. Han blir lenge, og «han» kan like gjerne vera ei ho, skriv Vestlandsforsking i ei pressemelding.

Intervju med 5.000 turistar frå heile verda som gjestar Noreg, er utgangspunktet for funna. Forskarane ved Vestlandsforsking meiner no dei veit meir om «draumeturisten» enn dei fleste andre.

Kjeldematerialet frå intervjua kan gi reiselivsnæringa grunnlag for å droppa det tradisjonelle målet om flest mogleg gjestedøgn, meiner forskarane.

– Det er viktig at turistane blir lenger på kvar stad. Har ein til dømes ein million gjestedøgn, og folk blir i snitt 10 dagar, så blir det 100.000 innreiser. Blir dei i snitt to dagar, blir det 500.000. Det krev til dømes større flyplass, fleire byte av sengetøy på hotella, skaper køar og trengsel og aukar klimagassutsleppa mykje, seier forskar Ove Oklevik.

Artikkeltags