Prøysen og Odda-diktar

Jernrosa: Symbol som tåler - og krev -  både varme og engasjement. Både Smia på Smelteverkstomta, Sentralbadet litteraturhus og Odda kino vert arenaer under årets Jernrose-festival.  Arkivfoto: Mette Bleken

Jernrosa: Symbol som tåler - og krev - både varme og engasjement. Både Smia på Smelteverkstomta, Sentralbadet litteraturhus og Odda kino vert arenaer under årets Jernrose-festival. Arkivfoto: Mette Bleken

Artikkelen er over 2 år gammel

JERNROSA 2017: Årets klassikar: Alf Prøysen. Årets debutant: Fredrik Stenhjem Hagen.

DEL

Lars Ove Seljestad er i innspurten til den andre JERNROSA litteraturfestival; den beste i historia ever! forsikrar han.

Tett på arbeidarane sin dag

Tettare opp til 1. mai og arbeidarane sin dag er det ikkje mogleg å koma, for festivalen som har fokus på politisk og meiningsberande litteratur. To viktige satsingar for festivalgründaren er også å børsta støv av ein klassikar og å presentera ein debutant. I år er det Alf Prøysen og Fredrik Stenhjem Hagen som får æra av jernrose-ljoset.

Ikkje Barnetime-Prøysen eller kose-Prøysen, men den politiske Prøysen, seier Seljestad som får litteraturvitar og Prøysen-kjenner Bjørn Ivar Fyksen til å presentera den samfunnsengasjerte diktaren frå Ringsaker i Hedmark.

Lokal debutant

Stenhjem Hagen er ifølge Seljestad «det friskaste skotet på Oddas litterære stjernehimmel». Han debuterer med ei diktsamling no i vår, men er publisert med tekstar i samlinga Signaler 2013 og var då i samtale med Seljestad under Litteratursymposiet, saman med venen og diktaren Pål Måge Elstad.

Punktum for årets festival vert sett med paneldebatt om kva politisk litteratur av i dag er, kva den kan vera og om det er mogleg å skriva annleis enn før – som til dømes sosialrealistane på 1800-talet. Mellom paneldeltakarane er Anne Oterholm (m.a. nestleiar i Kulturrådet, tidlegare leiar i Forfatterforeningen og i Sentralbadet litteraturhus) og Håvard Syvertsen som ifølge Jernrose-sjefen er «ein drivande dyktig forfattar og ein stor humanist».

Seljestad trur romanen «Et uoverskuelig mørke» som kjem i år blir Syvertsen sitt definitive gjennombrot. Forfattaren skal presentera boka for publikum under festivalen.

– Det er ein dystopi. Eg tolkar den dit at krigen i Syria er flytta inn i Oslo. Dette er ein vakn opp!-roman, slår Seljestad fast.

Festivalgeneralen kjem med fleire godbitar etterkvart.

Artikkeltags