Dei er begge geokjemikarar (geochemists). No er dei 75 og 87 år og Skei og kona har tatt turen frå Oslo for å visa Price og kona rundt i Fjord-Norge og på stader der Skei har vore engasjert.
Skei er er eit namn vi forbind med NIVA (Norsk Institutt for Vannforskning) og kartlegginga av tungmetall og opprensking i Sørfjorden. Eit søk i Hardanger Folkeblad i Nasjonalbiblioteket sin base, gjev heile 87 treff på Jens Skei. Mandag 10. februar 1986 dukkar han opp i lokalavisa første gong etter at Aksjon Indre Sørfjord og Miljøutvalet hadde jobba i mange år for å få reinska opp i den forurensa Sørfjorden. Skei uttalar då til Hardanger Folkeblad: «Initiativet fra Odda er imponerende. Det er første gang vi i NIVA har fått et oppdrag hvor et helt lokalsamfunn har hatt så klare formeninger om hva som kan gjøres og som har satset så mye. En idé til opplegg som lover det beste for framtida.» Jens var då tilsett som prosjektleiar for «Indre Sørfjord» og han sa seg svært glad for at Norzink (Boliden) hadde valgt fjellhall-alternativet.
Når Skei no ser over mot vestsida av fjorden med alle tunell-utslaga og steindeponiet på utsida av Eitrheimstunellen, er det liten tvil om at fjellhall-løysinga vart ein suksess for Boliden. Skei har ingen kommentar til all fjellsprenginga i området for tida, men han la godt merke til dei store endringane på Eitrheimsneset då dei kom køyrande sørfrå mot Odda. Han budde og hadde kontor i Odda i periodar på 80-90-talet.
Skei var òg forfattar saman med Randi Storaas av heftet «Sørfjorden – ei miljøhistorie» som Kraftmuseet gav ut i 1996, og han var fagleg konsulent for biletspelet «Sørfjorden på verdenstoppen – ei miljøhistorie», som museet hadde i formidlings-tilbodet sitt nokre år.
Jens Skei er no sjølvstendig konsulent og har mellom anna utarbeidd konsekvensanalysen for gruvedrifta i Engebøfjellet ved Førdefjorden i Nordfjord. Han flaggar ikkje standpunkt i den saka, men uttalar at det er alltid eit spørsmål om «gje og ta» når naturressursar blir nytta til næring og behov i storsamfunnet.