Langt fleire ryper over heile landet

Det var knytt ekstra stor spenning til om den ekstreme tørken i sommar kunne ha påverka rypeutviklinga negativt. Alt tyder på at kyllingane har evna å finne føde, trass tørken.

Det var knytt ekstra stor spenning til om den ekstreme tørken i sommar kunne ha påverka rypeutviklinga negativt. Alt tyder på at kyllingane har evna å finne føde, trass tørken. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

MILJØ: Etter fleire år med svak utvikling viser tal frå Statskog ein oppsving i rypebestanden i heile Noreg.

DEL

(Firda) Tala er frå perioden 4. til 20. august i samarbeid med jeger- og fiskarforeiningar over heile landet der Statskog forvaltar jakt. Det er i alt talt ryper på 1.800 kilometer takseringslinjer for Statskog, noko som gir eit rikt datagrunnlag.

– Det store bildet er svært positivt. Det er alltid lokale variasjonar, noko vi særleg ser i Troms denne hausten. Men alt i alt tyder tala på aukande tettleik og kyllingproduksjon i heile landet, seier jakt- og fiskesjef Jo Inge Breisjøberget i Statskog.

Det var knytt ekstra stor spenning til om den ekstreme tørken i sommar kunne ha påverka rypeutviklinga negativt. Alt tyder på at kyllingane har evna å finne føde, trass tørken.

– Rapportane våre tyder på at det er mykje smågnagarar, slik som mus og lemen. Dette er den store motoren for rypeutviklinga. Spesielt reven vil i slike år snarare gå etter smågnagarar enn rypekyllingar, seier Breisjøberget.

Haustens rypejakt blir regulert etter eit nytt forvaltningsopplegg som Statskog innførte i fjor. Dette har bakgrunn i Breisjøbergets eigen doktorgrad innan rypeforvaltning. Årets rypeteljing og historisk jaktuttak blir lagt til grunn, før det blir avklart kva for avgrensingar som må innførast.

– Vi skal gjere desse analysane no og drøfte haustens jakt med brukarorganisasjonar. Gode takseringstal verkar i retning mindre regulering, men vi må ta høgd for lokale variasjonar. Vi vil avklare dette i løpet av ei vekes tid, seier Breisjøberget.

Statskog er landets største tilbydar av jakt og fiske og forvaltar store område i heile landet. I særleg populære område tildelast jakt etter søknad og trekking. Haustens rypejakt startar 10. september.

Artikkeltags