Open brannstasjon blir arrangert i veke 38 over heile landet som ein del av den nasjonale brannvernveka. Fleire enn 350 av landets brannstasjonar står klare til å ønska store og små velkommen til open dag.
«Tidspunktet er ikkje tilfeldig – hausten markerer nemleg inngangen til ei tid på året då talet på bustadbrannar vanlegvis aukar fordi me bruker meir straum og levande lys», skriv Ullensvang kommune på sine heimesider.
I Ullensvang er det open dag på brannstasjonane i Odda, Røldal, Utne og Jondal laurdag 23. september. Mannskapa på Lofthus stasjon vil same dag verta å treffa i Kinsarvik sentrum.
Åpen dag på brannstasjonene i Grimo og Odda
Brannvesenet viser til at Open brannstasjon har vorte ein fantastisk fin tradisjon over heile landet, og ein viktig arena for å gi nyttig info om brannførebygging. I Odda vil også Fagne delta med informasjon saman med brannvesenet.
«Hovudfokus for Brannvernveka i år er ladevit og generell branntryggleik i heimen. På Open brannstasjon får dei minste lære om branntryggleik. Det blir kunnskapsløype, moglegheit for å sitja på i ein brannbil og informasjon frå Fagne. Me håpar mange tek turen, og er klare for storinnrykk på brannstasjonen», opplyser Ullensvang brann og redning i ei pressemelding.
Skular og barnehagar har krav på å gjennomføra jamlege brannøvingar. I heimen har ein ikkje det same kravet, sjølv om dei fleste farlege brannar oppstår der. Nettopp derfor er det viktig å vita kva ein skal gjera ved branntilløp eller brann i heimen.
«Me oppmodar alle til å bruka Brannvernveka til å prata om, og øva på, kva ein skal gjera om det byrjar å brenna i bustaden. Det treng ikkje vera meir komplisert enn at de avtaler ein møteplass og kven som skal gjera kva. All erfaring viser at dei som har øvd og er førebudd på dramatiske hendingar, også handterer dei best», står det i pressemeldinga.
Les meir om Brannvernveka og tips til brannøving i heimen på www.ullensvang.kommune.no.
