Inntekt har mykje å seie for om du går på ski

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Av

Inntekta di er ein viktig faktor for om du tek skia fatt denne vinteren, viser ei ny Ipsos-undersøking.

DEL

Undersøkinga, som er utført på vegner av Norsk Friluftsliv, viser at berre 55 prosent av oss skal, eller har gått på ski denne vinteren.

I tillegg viser undersøkinga at størrelsen på lommeboka har stor betyding for kven som går på ski, skriv Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.

77 prosent av dei med ei husstandsinntekt på over ein million kroner oppgir at dei går på ski i vinter, medan blant dei med ei husstandsinntekt på under 500.000 er talet nede i 39 prosent.

– Det er synd dersom det hovudsakleg blir dei med god inntekt som går på ski. Desse tala viser at det er stort behov for gode og gratis ski-aktivitetstilbod til alle familiar, uavhengig av økonomi. Elles står vi i fare for å ikkje lenger kunne seie at vi er eit folk som er født med ski på beina, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Sidan snøsesongen har blitt kortare fleire stader i landet, gjer det at fleire må reise lenger for å oppleve skiføre. Det bekymrar generalsekretæren.

– Dette er dessverre også ein faktor som kan bidra til at dei sosiale skilnadane i skiaktivitetar aukar, sidan det også er dei med best økonomi, som vil ha moglegheita til å dra til snøsikre område og hytter på fjellet, seier Heimdal.

Artikkeltags