Det melder politioverbetjent Svein Buer.
Meldinga kom inn torsdag, og innbrotet har truleg skjedd natt til torsdag.
– Nokon har vore inne og stole diverse gjenstandar frå huset. Det me har fått beskjed om er at der er tatt bunadssølv, gullsmykke og ei myntsamling, opplyser Buer.
Han fortel vidare at politiet ikkje har nokon mistenkte i saka foreløpig, og at politiet har vore på staden for å sikra spor.
– Så får me sjå om me klarar å finne ut kven som har vore på ferde, seier han, og legg til:
– Om nokon har observert noko mistenkeleg på Kalvanes natt til torsdag er det fint om dei tek kontakt med politiet.
Les også
Målt til 164 km/t: Politibilen gjekk ikkje fort nok til å ta dei igjen

Les også
Endra på planstrategien – Nå og Tyssedal må vente eitt år til

Les også