Gå til sidens hovedinnhold

Ingen nye smittetilfelle torsdag. Munnbindpåbod vert oppheva i neste veke

Det er ikkje registrert nye smittetilfelle torsdag 15. april

HF presiserer: Dei lokale tiltaka som kjem av den lokale forskrifta vert oppheva tysdag 19. april, som er då kommunestyret har forlenga forskrifta til. Dette omfattar påbod om munnbind.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Ullensvang kommune.

Per i dag, torsdag, er det 15 personar i isolasjon, og to personar er tatt ut av isolasjon i dag.

Det er totalt 48 smitta sidan utbrotet. 86 personar er i karantene.

– Dei lokale tiltaka ser ut til å ha hatt god effekt, står det i pressemeldinga.

Vidare kjem det fram at det er kriseleiinga si vurdering at det ikkje er grunnlag for å forlenga lokal forskrift.

Det betyr at kommunen går over til å følge dei nasjonale tiltaka og råda, og at skular, barnehagar og Vaksenopplæring går over til å drive på gult nivå frå tysdag av.

Påbod om munnbind vert oppheva.

Kommunen oppmodar likevel innbyggarar om å nytta munnbind når ein ikkje kan halda éin meter avstad til andre i butikkar og offentlege rom.

– Ramadan er ei høgtid for mange. Me vil minna om at det å samlast i til dømes moskeen reknast som eit arrangement, og kun kan gjennomførast i tråd med dei nasjonale anbefalingane, står det vidare i pressemeldinga.

Kommunen oppmodar om å følge dei nasjonale forskriftene, tiltaka og råda, og ber ansvarlege ta ansvar for å følga smittevernråd i samband med fritids- og idrettsaktivitetar.

– Innbyggarane og dei tilsette har gjort ein solid innsats dei siste vekene! Det har bidratt til å redusere smittetrykket.

Les også

Kommunestyret forlenget lokal forskrift: - Største smitteutbruddet hittil, og vi håper det blir det siste

Kommentarer til denne saken