Gå til sidens hovedinnhold

Ingen nye smittetilfelle måndag

Det er sju personar som er isolert/smitta måndag kveld. 50 personar er i karantene.

Det opplyser Ullensvang kommune i ei pressemelding seint måndag kveld.

Ein person er innlagt på sjukehus.

– Dei tilsette har gjort ein kjempeinnsats den siste tida. Vi set stor pris på innsatsen. Innbyggarane har vist stort tolmod og godt smittevern, seier ordførar Roald Aga Haug.

Kommunen håpar no trenden fortset med nedgåande smittetal.

Tysdag opphevar Ullensvang den lokale korona-forskrifta, og frå tysdag er det dei nasjonale reglane som gjeld. Her er ei oversikt over kva det betyr.

Neste veke kan kommunen forventa heile 492 dosar Pfizervaksine, opplyser kommunen.

I helga blei det meldt om fire nye smittetilfelle i Ullensvang kommune. Smittesporinga etter dei nyaste smittetilfella blei avslutta i helga.

Tidlegare måndag sa kommuneoverlege Daniela Brühl til Hardanger Folkeblad at det var mange som vart testa måndag.

Svaret på prøvene vil kommunen truleg få dei nærmaste dagane.

Kommentarer til denne saken