Gå til sidens hovedinnhold

Ingen nye smittetilfelle i Eidfjord

«Det er ikkje nye positive prøvesvar utover dei tre me tidlegare har meldt om. Me har god oversikt over situasjonen på noverande tidspunkt, og mistenker framleis ikkje villsmitte i kommunen», opplyser Eidfjord kommune i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

Vidare vert det opplyst at kommunen gjennomfører koronatestar dagleg, dette som oppfølging av smittesporinga.

«Det vert omfattande testing framover så lenge me vurderar at det er behov for dette», står det i pressemeldinga.

To nye koronatilfelle i Eidfjord – kommunen har sett i gang omfattande arbeid

Kommentarer til denne saken