- Ingen barne - og folketog på 17. mai

Slik ser det vanligvis ut når folketoget eller "tretoget" som det også har blitt kalt, marsjerer opp Nylandsflaten på 17. mai. Slik blir det ikke i år.

Slik ser det vanligvis ut når folketoget eller "tretoget" som det også har blitt kalt, marsjerer opp Nylandsflaten på 17. mai. Slik blir det ikke i år.

Det vert ikkje tradisjonell 17. mai – feiring i Ullensvang kommune.

DEL

Det går fram i ei pressemelding frå kommunen onsdag.

Det er kome innspel til digitale løysingar og samarbeid rundt ei felles markering og underhaldning som kan nyttast av alle komiteane utan å samla folk fysisk til feiring.

- Vi tenkjer at dialog med arrangørane om eit felles opplegg for digital feiring kan bidra til fellesskap og tradisjonell stemning med kreative løysingar, seier ordførar Roald Aga Haug i pressemeldinga.

Tysdag vart det kjent at det store barnetoget i hovudstaden 17. mai er avlyst. Tog er òg avlyste ei rekkje andre stader. Men sjølve 17. mai er ikkje avlyst.

NRK offentleggjorde planane sine for nasjonaldagen denne veka. Det blir planlagt ei utvida TV-sending frå 7.50 om morgonen til 17.00 om ettermiddagen.

Sidan det ikkje er noko barnetog som skal vinke til kongefamilien på Slottsplassen, skal årets sending gå frå taket på NRK-bygget på Marienlyst i Oslo.

Her blir det inviterte gjester, og reporterar frå distriktskontora til NRK skal levere rapportane sine frå andre delar av landet.

– Eg gleder meg stort til å vere med på å samle landet på sjølvaste nasjonaldagen, og i år tenkjer eg at det er viktigare enn nokon gong å feire 17. mai. Vi skal feire demokratiet, feire at vi har tillit til kvarandre, feire fellesskapen og den norske dugnadsånda, seier Nadia Hasnaoui.

Medprogramleiar Christian Strand seier han gleder seg til å sjå kva folk over heile landet har funne på av kreative løysingar for å feire 17. mai på ein annan måte enn vi er vande til.

Alle detaljane er ikkje klare, men redaksjonen drøymer om å få heile det norske folket til å stemme i når nasjonalsongen blir sungen på NRK.

– Tenk om alle kunne stå ute og syngje «Ja, vi elsker» samtidig! Det ville nok vere det største nasjonale felleskoret i Noreg nokon gong og ein historisk augneblink av nasjonal fellesskapskjensle, seier dei.

Artikkeltags