Næringsminister Røe Isaksen til Odda

Tar turen til Odda: Torbjørn Røe Isaksen skal besøka både Boliden og TiZir. Foto: Terje Pedersen/ANB

Tar turen til Odda: Torbjørn Røe Isaksen skal besøka både Boliden og TiZir. Foto: Terje Pedersen/ANB

Artikkelen er over 1 år gammel

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen (H) kjem tysdag til Odda, der han skal besøka både Boliden og TiZir.

DEL

«Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen besøker tysdag 21. august næringsliv i Vindafjord og industribedrifter i Odda», skriv regjeringa.no i ei pressemelding.

Høgre-politikaren startar dagen i Ølen og Ølensvåg, før han tek turen til Hardanger tidleg på ettermiddagen. I Odda skal næringsministeren besøka Boliden og TiZir.

– Utviklinga av ny teknologi og auka digitalisering skjer i ein veldig rask fart. Ei utfordring for norske industribedrifter er å halde følge med utviklinga, slik at dei ikkje blir konkurrert ut og går ut på dato. Eg vil høyre om utfordringane til industrien, og korleis vi kan jobbe saman for å løyse dei. Dette er viktig for norske arbeidsplassar og for ein berekraftig velferdsstat, uttalar Røe Isaksen i pressemeldinga.

Artikkeltags