Éin til har fått påvist Covid-19

Éin ny person har fått påvist corona. Kommunen tilrår minst mogleg sosial kontakt.

DEL

Det melder ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug, til HF fredag kveld.

Det skal òg denne gongen vere snakk om importsmitte. Personen er altså smitta ein annan stad enn i Ullensvang.

- Flyttast no i kveld til isolasjonsleilegheit, skriv Aga Haug.

Vedkomande har symptom, men er i bedring.

Han opplyser at ytterlegare fire personar er sett i karantene i samband smitten. Alle skal vere nærkontaktar av den smitta.

- Organiserer testing av desse, melder ordføraren.

Dette er det sjuande tilfelle av Covid-19 i Ullensvang.

Ullensvang kommune tilrår på sine heimesider innbyggarane om å halde seg heime og ha minst mogleg sosial kontakt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken