Gå til sidens hovedinnhold

Éin mista lappen på Vintertun

Utrykningspolitiet (UP) hadde torsdag formiddag ein fartskontroll på E134 på Vintertun, melder politioverbetjent Øystein Torsnes.

Éin person mista førarkortet og vert meld for å ha køyrd i 119 km/t i 80-sona.

Det vart også gitt ut 16 forenkla førelegg under same kontroll.

Politiet avskilta òg ein moped i Tyssedal, då førar ikkje hadde papira i orden. Hendinga skjedde rundt kl. 21:30 torsdagskveld.

Kommentarer til denne saken