Den første meldinga kom like før klokka 22. Ein bil skal ha køyrt i fjellveggen mellom Hovland og Lofthus, og det var berre førar i bilen. Vedkomande skal ha vore medviten etter ulykka, og politiet var på staden. Seinare meldte Vegtrafikksentralen at strøbil var på veg til ulykkesstaden, då det var svært glatt på vegen.

Like etter kom det meldingar om ei ny ulykke, denne gongen mellom Kinsarvik og Ystanes. Der skal ein bil ha hamna på taket

– Ein bil har hamna på taket. Førar ute av bilen og er medviten. Naudetatane på veg til staden. Er meldt om svært glatte vegar i området, skreiv Vest politidistrikt på Twitter søndag kveld.

Vegen mellom Kinsarvik og Ystanes vart stengd som følgje av ulykka. Også der sa meldinga at vegen er glatt.

Vegen vart opna igjen rundt midnatt.

Meteorologisk institutt kom tidlegare søndag ettermiddag med ei åtvaring om at det er venta glatte vegar i Vestland fylke måndag morgon, på grunn av regn som kan frysa til is.

– I natt er det venta minusgrader, og frå i morgon tidleg lett regn som kan fryse når det treffer bakken. Ver merksam måndag morgon, heiter det i farevarselet som vart sendt ut søndag.

Sjå oppdateringane her.