Ketil Monssen forsvarte sigeren frå i fjor, og sprang frå Lofthus og opp til mållinja 1000 meter over havet på 43:18. I kvinneklassen har May Britt Buer vunne kvart år sidan løpet starta i 2011, men måtte i år sjå seg slått på målstreken av Anita Iversen Lilleskare, som sprang på 47:36. I alt var det om lag 70 deltakarar, 30 av dei sprang i konkurranseklassen.

–Det var knallvêr og fine forhold, så løpet gjekk knirkefritt, seier Bente Kristoffersen i IL Harding friidrett, som arrangerer løpet kvart år.

Vinnarane stakk av med pengepremiar, men det vanka også fine premiar frå næringslivet til dei andre deltakarane. Kristoffersen fortel at det er mange tilreisande som tek del i løpet.

– Dei skryt veldig av den fine naturen. Me skulle gjerne hatt med fleire lokale i konkurranseklassen, men det er mange som er med og går tur, seier ho.

Anders Kjærevik kom inn på andreplass i herreklassen, og tredjeplass var det røldølen Bård Olav S. Medhus (14) som tok. I kvinneklassen sprang May Britt Buer (Gular) inn få sekund etter vinnaren, og Ellen Mari Ramberg frå IL Harding kom på tredjeplass.