Ikkje trygt å gå til Trolltunga - to store elver fløymer over stien

Slik ser det ut på stien til Trolltunga no. - Det er ikkje mogleg å gå til Trolltunga i helga, melder Trolltunga AS.

Slik ser det ut på stien til Trolltunga no. - Det er ikkje mogleg å gå til Trolltunga i helga, melder Trolltunga AS. Foto:

Trolltunga AS og lensmann Terje Kvalvik melder torsdag ettermiddag at det ikkje blir mogleg å gå til Trolltunga før på måndag.

DEL

— Det er ikkje mogleg å gå til Trolltunga på grunn av mykje vatn. To store elver fløymer over stien ved Tyssehøl, om lag ein kilometer frå Trolltunga, melder dagleg leiar Åse Marie Evjen i Trolltunga AS.

Vassnivået er no for høgt til at det er trygt å passere. I tillegg er det meld mykje regn, sludd og kraftig vind i helga. Med atterhald om vêret skriv dei at denne situasjonen vil vare til måndag føremiddag.

Det er lagt ut informasjon på nettsidene til Trolltunga AS, og Trolltunga Trail Information på Facebook.

— Parkeringsvert er på jobb frå 6 til 14 og informerer om dette. Det står og informasjon på den store TV-skjermen i Skjeggedal. Fjellvakta passar på inne på fjellet, opplyser Evjen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken