– Det er dessverre ikkje kjempegode meldingar for langhelga. Det stod mellom høg- og lågtrykk, men no ser prognosane ut til å vera sikre på at det vert lågtrykk i Pinsehelga, innleiar vakthavande meteorolog Aslaug Skålevik Valved.
Torsdag er det eit lågtrykk i Finnmark som fører til grått vêr på Vestlandet. Det er liten til stiv kuling frå vest-sørvest på fjellet.
– Det vert regnbyer i dag, men til fjells kjem dette som sludd eller snøbyer. Det er litt avhengig av kor langt sør ein er, men snøgrensa ligg på kring 900–1000 moh., opplyser Valved.
Fredag og laurdag
Også fredag er det venta vind i fjellet. Den skal dreia mot nordvest, og kan koma opp i kuling, før det minkar mot ettermiddagen. I Hordaland kan ein venta snøbyer over 1000 moh.
Laurdag er det venta ein nytt lågtrykk frå vest, noko som fører til nedbør utover dagen. Det er litt usikkert kvar nedbøren treff i indre Hardanger.
– Det kan verta kuling i fjellet utover laurdag. Laurdag kveld og natt til søndag startar lågtrykket å nærma seg land, varslar meteorologen.
I bakkant av dette kan ein venta meir vind frå vest og nordvestleg kuling. Det vert regnbyer, men Valved legg til at spørsmålet er kor lenge dette vil vara.
Usikkert
– Truleg varar det til søndag ettermiddag, før det vert ein pause. Deretter er vêret usikkert, forklarar meteorologen.
I Nord-Noreg er det eit lågtrykk som kan gje nedbør nedover og mot sør, medan det er eit høgtrykk over England. Indre Hardanger er i grenseland mellom desse.
– Det er usikkert kva som skjer, summerer Valved som seier at måndag per no er i grenseland mellom dei to vêrtypane.