Gå til sidens hovedinnhold

Éi snøskuterløype er framleis stengd

Storparten av villreinstamma er framleis vest på Hardangervidda.

Tidlegare i veka melde tilsynsutvalet om fleire stengde snøskutertrasear.

Torsdag sende utvalet ut ny melding om at ruta mellom Rjoto og Hadlaskard framleis vert halden stengd til og med 14. mars.

– Det er mykje dyr i området ved Hadlet nord for Berakupen, og i området mellom Hadlaskard og Viersla. Me ber alle som må transportera i eller forbi desse områda om å vera ekstra observante og ta omsyn, og om nødvendig legg om ruta slik at ein ikkje uroar dyra, skriv Tilsynsutvalet i Vestland for Hardangervidda nasjonalpark.

Les også

Villreinen står i vest: Tilsynsutvalet stengjer desse snøskuterløypene

Les også

Her nærmer tusenvis av dyr seg veien: – Har aldri sett dette før. Det ville vært en helt ny situasjon

Kommentarer til denne saken