– No er me klar for at juniorane skal gje gass i Røldal som siste konkurranse for sesongen i Noreg, seier Andre Solbakken, som er med å arrangere.

Han opplyser at alle klassane er fulle. Til saman er det 84 deltakarar.

– Det vert full rulle, kommenterer Solbakken.

Det er aldersklassane 2015 til 2004 som skal utfor bakken i Røldal denne helga.

Klokka 10:00 laurdag skal alle køyrarane starte gåturen. Klokka 10:30 set dei første utfor bakken. Etter konkurransen er det premieutdeling ved arenaen. På ettermiddagen vert det pizzabuffé for juniorkonkurrentane.

På kvelden vert det disko og skifilm for deltakarane.

Søndag er alle invitert til workshop.