Innbrot i hytte

ILLUSTRASJONSFOTO: Nokon har tatt seg inn i ei hytte på Fossli. (Ikkje hytta på biletet)

ILLUSTRASJONSFOTO: Nokon har tatt seg inn i ei hytte på Fossli. (Ikkje hytta på biletet) Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Hytteeigarar på Fossli fekk seg ei ubehageleg overrasking då dei kom fram til hytta.

DEL

- Det har vore eit innbrot i ei hytte på Fossli, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Kjersti Eidsnes.

Ho fortel at dei som har vore i hytta har endevendt på skuffa og skap. I tillegg har dei laga seg mat i hytta.

- Det ser ut som om nokon har budd der, rett og slett, seier Eidsnes.

Hytteeigarane har funne nokre gjenstandar som ikkje høyrer heime i hytta, og politiet håpar at det kan vere ledetrådar der til kven det kan vere som har tatt seg inn.

Artikkeltags