Hus brann ned ved Lerkeholene utanfor Utne

Brann utanfor Utne laurdag ettermiddag.

Brann utanfor Utne laurdag ettermiddag. Foto:

Ein einebustad ved Lerkeholene, Hesthamar, utanfor Utne, brann ned laurdag ettermiddag.

DEL

Brannvesenet fekk melding om at det brann i eit hus ved Lerkeholene utanfor Utne frå ein nabo klokka 15.56.

- Brannmannskap kom fram etter om lag 20 minutt. Då var huset heilt overtent. Taket var brant bort og flammane stod rett opp, fortel Morten Frantzen ved 110-sentralen.

Det vart sendt brannmannskap frå Grimo, Jondal og Odda.

- Det var ei som budde der som kom seg ut. Det har vore ein brann som har utvikla seg relativt raskt, seier Frantzen.

Han fortel at huset er så godt som tapt. Slukkingsarbeidet haldt fram til rundt klokka 19.30 laurdag kveld, og brannvesenet hadde kontroll på huset utover natta.

Vest politidistrikt meldte først om brannen på Twitter laurdag klokka 16.19. Då var ambulanse og politi på veg til adressa, og brannvesenet var på staden.


Artikkeltags